Kvernhusmyrane 37, 5914 Isdalstø
Laster Hendelser

« All Hendelser

  • Beklager. Denne hendelse har allerede funnet sted.

LUTHER-SEMINAR I NORDHORDLAND

11. mars @ 15:00 - 18:00

Knarvik Misjonshus Kvernhusmyrane 37
Isdalstø, 5914
Contact us
Description

Martin Luther (1483-1546) er “Munken som endret Europa”. I 1517 slo han opp dei berømte tesene på kyrkjedøra i Wittenberg, og med det var Reformasjonen i gong. Den har forma kristenliv, skule og samfunn også i vårt land på så mange vis. I år er det 500 år sidan denne historiske hendinga. Då kan det vera gode grunnar til å gå Reformasjonen nærare etter i saumane. Kva låg bak? Kvifor kom han? Og har han framleis noko å seia oss? er aktuelle spørsmål.
Det er i korte trekk bakgrunnen for Luther-seminaret som NLM Nordhordland står som innbydar til. Dosent Egil Sjaastad ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole i Oslo vil ha to timar.

Programmet ser slik ut:

Dag Laurdag 11. mars
Tid kl 1500-1800
Stad Knarvik Misjonshus, Knarvik

Bolk 1 “Reformasjonen – nødvendig?”
Kaffi og samtale

Bolk 2 “Luther – framleis aktuell?”

Tilskiparane ser gjerne eit fullsett Misjonshus.
Hjarteleg velkommen!

Vennleg helsing
NLM Nordhordland,
v/ Leif Birger Sortland, formann

Details

Date:
11. mars
Time:
15:00 - 18:00
Hendelse Kategorier:
,

Venue

Knarvik Misjonshus Kvernhusmyrane 37
Isdalstø, 5914
+ Google Map
Phone: 90560438 Website: knarvikmisjonshus.no