Menighetsweekend på Raknestunet – bli med 17.–19. oktober 2025!

Knarvik Misjonshus inviterer alle som er tilknytta menigheita til årets menighetsweekend på Raknestunet frå 17. til 19. oktober 2025!

Vi ynskjer å samle barn, unge, vaksne, eldre, par og single til ei helg fylt med fellesskap, påfyll og moro. Fjorårets helg var ein stor suksess, og vi trur årets arrangement blir eit av høgdepunkta denne hausten.

Pris per deltakar:

  • Vaksne: 1 790 kr

  • 8–14 år: 890 kr

  • 3–7 år: 590 kr

  • 0–2 år: Gratis

  • Makspris per familie: 4 200 kr

Påmelding:

Raknestunet ønskjer å få eit endelig tal på deltakarar så snart som mogleg, så meld deg på tidleg! Dersom økonomi er ei utfordring, er det berre å ta kontakt – vi vil leggje til rette slik at alle som ønskjer å vere med, får moglegheit til det.

Dette er også ein flott anledning til å invitere med vener eller nye i forsamlinga, og bli kjent med fellesskapet på Knarvik Misjonshus.

Vi håper å sjå deg der – det blir ei helg du ikkje vil gå glipp av!