Velkommen til Knarvik Misjonshus

Hos oss vil du kunne bli med på familiesamlinger og møter, søndagsskule og alt det andre som huset rommer!

Nokon av søndagsmøta kallar vi sundagssamlingar. Dette er eigentleg ei familiesamling der store og små er saman på heile eller deler av møtet. Om du aldri har vore på Knarvik Misjonshus før, så er sundagssamlinga kanskje ein stad å starte?!

På sundagssamlingane får me ofte besøk. Den som har lyst kan og vera med å gje pengar til eitt eller anna misjonsprosjekt. Møta varer ca. ein time. Samlingane avslutter ofte med at vi set oss rundt små bord, gjerne med litt saft/kaffi og kjeks for å prate med kjende og ukjende. Ein fin måte å få nye vener på. Borna er med i starten av samlinga. Deretter går dei på et eige barneopplegg. Då kan foreldre / føresette gjerne vera med om dei ønskjer.

På vanlege møte vert det lagt vekt på bibelundervisning i form av eit foredrag / tale om eitt eller anna tema eller ei bibeltekst. Nokre gonger set vi oss og i små grupper og samtaler om tema.

Photo by Ben White on Unsplash

Alle møter i Knarvik Misjonshus er avlyst

Styret har gjort vedtak om å utsette årsmøtet på ubestemt tid, og alle arrangement på Misjonshuset er utsett inntil vidare. Dette for å gjere vårt for å hindre smitte generelt, og i solidaritet med utsette grupper spesielt.

Ta til dykk av Guds Ord. La oss be for kvarandre. Be om at Guds rike må kome.

«For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.» Efesarane‬ ‭2:10‬ ‭N78NN‬‬

Svenning Bjørke
Styreleiar

Månedens misjonsfokus

Hvorfor driver vi egentlig misjon? Er det fordi det er spennende å reise, bli kjent med nye folk og kulturer, og kan vi bare la være hvis vi ikke har lyst? Vi bør drive misjon fordi det ligger i evangeliets natur. Hvis vi virkelig tror at Bibelens budskap om frelse er sant, må det deles. Månedens misjonsfokus har en egen kampanjeside som oppdateres innen hvert månedsskifte.

LES MER

Sosial søndag

Våren 2020 er det ein gjeng i Knarvik Misjonshus som inviterer til sosial samlingar dei søndagar det ikkje er møte i Knarvik Misjonshus. Kva det konkret betyr kan variera, alt frå fellesturar med små og store til aktivitetar innandørs. Dette er ei framifrå moglegheit til å bli kjent med andre på ein nye måte

LES MER

Jesus lever

Den levende Jesus møtte Paulus utenfor Damaskus, og han fortsetter å møte mennesker. En stadig voksende kirke, spesielt i det globale sør, vitner om det. Mennesker som møter Den oppstandne vitner om ett nytt liv. Det gamle livet opphører med Jesus på korset og de får del i hans oppstandelse, til evig liv!

«Jula varer helt til påske», er det noen som sier. Vi vil heller si at «påsken varer hele året»!

LES MER